terça-feira, 30 de junho de 2015

ELITESERIEN - TIPPELIGAEN - NORGE

Resultado de imagem para bandeira noruega  Resultado de imagem para logo tippeligaen


Verdsmeister Bø:

- Eg er ikkje god nok for laget

Johannes Thingnes Bø (22) lader opp til skiskyttar-VM i Holmenkollen som fotballspelar.

- Meir enn eitt gull er målsetjinga. Eg vart verdsmeister på sprint sist vinter, og målet er heilt klart å vinne i Kollen også. Det er fire individuelle sjansar til å vinne gull i VM, så det er vanskeleg. Det er størst sjanse for at eg ikkje vinn gull, seier skiskyttarkometen frå Stryn.
Han omtalar sesongen som vart avslutta i vår med ordet «drøymesesong». Etter å ha dominert juniorklassane på verdsbasis, klinka han til og vann VM-gull på sprinten i Kontiolahti. Han vann også to verdscupsigrar på distansen.

GIMMICK:

Johannes Thingnes Bø (22) er ein del av stallen til Stryn i 3.-divisjon denne sesongen. Verdsmeisteren i skiskyting innrømmer at det er mest ein gimmick. – Men det er kjekt å vere med og trene når eg er heime, eg har mange kompisar i miljøet, seier han. FOTO: Jørn-Arne Tomasgard
5. mars 2016 står sprint på VM-programmet i Holmenkollen med 22-åringen som tittelforsvarar.

Koplar av med fotball

I sommar koplar Bø av med fotball. Når han er heime i Stryn, trenar han med bygdas 3.-divisjonslag. Bergens Tidende møtte verdsmeisteren i samband med kampen mellom Stryn og Volda der skiskytaren var i troppen til heimelaget. Kampen enda 2–2 utan at Johannes fekk speletid.
- Eg fekk beskjed om å gjere meg klar då Stryn leia 2-0, men så scora Volda og det vart spenning, så då kom eg aldri på bana, seier han.
Han medgir at greia med fotballen mest er ein gimmick.

VIL BLI VM-KONGE:

Den ubeskjedne målsetjinga til Johannes Thingnes Bø er å vinne meir enn eitt gull under VM i Holmenkollen 3.–13. mars.
- Ja, det er mest det, eg er ikkje god nok for laget. Men eg har mange kompisar i miljøet, og det er kjekt å vere med og trene. Spelarar som Vegard Hopland og Mathias Garlid spelte eg aldersbestemt fotball saman med i alle år og vi er gode kompisar, seier Bø.
- Får du debutere i 3.-divisjon i det heile når det ikkje skjedde i denne kampen?
- Eg tvilar på det. Det spørst kor mange sjansar det blir for meg til å vere med. Og eg har ikkje lyst å ta plassen frå dei som trenar her fast.

Har mista eksplosiviteten

Broren Tarjei Bø har uttalt at Johannes kunne blitt ein toppspelar i fotball. Han avviser ikkje det sjølv.
- Hadde eg trent like hardt og bra som eg har gjort i skiskyting, så kan det hende. Men eg kunne like gjerne spelt på Stryn i 3.-divisjon. Eg merkar fort at eg ikkje heng heilt med på treningane no. Ein blir god til det ein trenar på, eg er god til å springe langt oppover. Treninga mi har gjort at eg har mista mykje av eksplosiviteten, forklarer han.
- Så du hadde ikkje hengt med kompisane dine på intervalltrening med korte spurtar?
- Det kan eg svare sikkert at eg ikkje hadde.
- Kva seier trenaren din til at du spelar fotball?
- Eg har fått beskjed om at dette er val eg må ta sjølv. Eg kjenner sjølvsagt risikoen for skadar.

Snøtunnel i Torsby

Om morgonen før kampen la Johannes bak seg ein tretimars langtur på dei grasgrodde vegane til Turløyper Stryn i området mellom Stryn skisenter og Ullsheim. Med seg hadde han skiskyttarkompis Johan Eirik Meland. Det fortel vel også at det var viktigare for Bø å leggje grunnlaget fram mot VM, enn å få speletid i kampen Stryn-Volda.
- Det blir masse trening. I juli skal eg trene 100 timar. På det jamne trenar eg rundt 70 timar i månaden. Fram mot sesongstart blir det to høgdesamlingar i Mellom-Europa, ei i månadsskiftet august-september og ei i oktober, fortel han.
Ein annan nordfjording er komen inn i landslagsmiljøet i skiskyting no, Morten Aa Djupvik frå Hyen er ny idrettssjef. Bø seier erfaringane med den nye sjefen så langt er gode.
- Det har vore veldig bra å få Morten inn. Han har tilført mykje og rydja litt opp i systemet. Han har teke med seg ein del idear som har gjeve suksess i langrenn.

Får felles smørjar med broren

Smørjeteamet i skiskyting har fått ein del kritikk siste åra, og her har Djupvik gjort ein del endringar. Det får ikkje direkte konsekvensar for Bø.
- Det måtte bli ein diskusjon rundt smørjesystemet. Det har skjedd ein del naturlege endringar mellom anna som følgje av familiesituasjonen til nokre av smørjarane. Eg held fram med italienaren Gianluca Marcolini som smørjar. Det er eg godt nøgd med.
Det nye no er at han også skal ha ansvaret for skiparken til Tarjei.
- Kan det føre til at de nærmast får ein felles skipark?
- Det kan i alle fall føre til at eg kan bruke Tarjei sine nest beste ski dersom dei er betre enn mine beste.
Johannes nytta i kjent stil også høve til å kome med eit fleipande stikk til broren då speakeren på stadion lurte på status for Tarjei.
- Tarjei er frisk, han er jo alltid best på sommaren!

Mye på spill for Fredrik

Fortsatt bare 21 år, men allerede erfaren på høyeste nivå i norsk fotball. Fredrik Midtsjø har gått gradene fra praktikant, svenn til å inneha fagbrev i Tippeligaen. – Jeg tør å mislykkes.

RBK / Fredrik i full blomst på Lerkendal. 
Jeg kunne ikke vente lengre på å få muligheten, men måtte vise det selv via perioden i Sandnes-Ulf
– Våger å utfordre med ballen for å skape ubalanse. Sånn sett er jeg uredd i spillestilen, sier Midtsjø.
En spe avlegger er blitt til en solid gren på RBK-treet. Stjørdalsgutten har er inne i sitt åttende år i RBK-systemet. Først som en del av klubbens utviklingsavdeling fra 2007.
– For en som har vært på utlån er det enklere å prestere når laget styrer kampen, slik vi har gjort i serieåpningen.

Fixtures

Norway – Tippeligaen

Friday, 3 July 2015
14:00
Sarpsborg 08
v
Molde
Saturday, 4 July 2015
10:30
Start
v
Stabaek
13:00
FK Haugesund
v
Lillestroem
Sunday, 5 July 2015
10:30
Stroemsgodset
v
Viking
13:00
Aalesund
v
Mjoendalen
13:00
Odd Ballklubb
v
Vaalerenga
13:00
Sandefjord
v
Tromsoe
15:00
Bodoe/Glimt
v
Rosenborg






SISTE RESULTATER

KOMMENDE KAMPER




#LagKSSUTMFMMP
1Rosenborg141031401433
2Stabæk14932261430
3Viking14815261725
4Vålerenga14734292224
5Molde14644311622
6Odd14572221722
7Strømsgodset14635232521
8Lillestrøm14563191620
9Sarpsborg 0814455171817
10Start14446212316
11Aalesund14446173016
12Mjøndalen14365203015
13Haugesund14347112313
14Tromsø14338202512
15Bodø/Glimt14329213311
16Sandefjord14221014348

Nenhum comentário:

Postar um comentário